Månedens salme i oktober
Månedens salme i oktober

I den nye salmeboka har vi fått ein oktobersalme! – og den er då et naturlig val då vi fann ut vi skulle ha ein «månadens salme». Medan eg skriv dette nyt vi sommar i september, tenk om dette vakre veret held fram, slik at vi får sommar i oktober og. Liv Skoglund, kantor.

Han gyller himlens tak i gullsinober (NoS 847)

1 Han gyller himlens tak i gullsinober.
Han heiser sola varsamt opp og ned.
/: Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre. :/

2 Han lyfter trea langsamt opp av jorda.
Han murer opp eit fjell og let det stå.
/: Han pustar liv og varme inn i orda.
Han hentar deg den dagen du skal gå! :/

3 Går du på glør, så går du på hans hender.
Og når du blør, er det hans blod som renn.
/: Han står der nederst når di krise vender,
for han stig ned og du stig opp igjen! :/

4 Det gull du ser på himlen i oktober,
er renningar i veven som han vev.
/: Frå hans palett flyt purpur og sinober.
Og du er den som får hans kjærleiksbrev! :/

T: Jan Inge Sørbø (1993)
M: Ivar Jarle Eliassen (2008)
 

Hør Salmen sunget i NRK sin serie: Salmeboka minutt for minutt

(Bildet er lastet ned fra freeimages.com)